Hovedpulsåre hals side
Forkalkning i blodårer i halsen e.
Åreforkalking i halskara – carotisstenose
Oppsummering
Carotisarteriane er viktige halspulsårer som forsyner størsteparten av hjernen med oksygenrikt blod.
Du kan kjenne pulsen i desse arteriane med fingrane på kvar side av halsen, like under kjeven.
Når halskara blir forsnevra på grunn av fettavleiringar i karveggen (åreforkalking), blir det kalla carotisstenose.
Kraftig puls i halsen
Dette aukar risikoen for hjerneslag.
Risikofaktorane for å utvikle åreforkalking i halskara er samanfallande med risikofaktorane for å utvikle hjarte- og karlidingar. Eksempel på risikofaktorar:
- alderdom
- røyking
- annan hjartesjukdom
- høgt blodtrykk
- høgt kolesterol
Legen kan lytte på halskara dine for å avdekkje trange kar.
Symptombilete
Dei færraste som har avleiringar (plakk) i halskara, har symptom.
Ofte blir ikkje tilstanden oppdaga før etter eit hjerneslag eller eit lite drypp, også kalla TIA (tr