Blikking mobbing
Blikk forestilling.
- Det skjer ofte at slike saker blir løyste i konfliktrådet, seier leiar i Konfliktrådet i Oslo og Akershus, Ellen Ystgaard Tjemsland. Ho forklarer at før sjølve møtet der dei involverte ungdommane møtest ansikt til ansikt, ligg det eit grundig forarbeid med forsamtalar.
Blikking på engelsk
Nokre gonger kan det avklara misforståingar.
-Så erfarer me at konfliktar har eskalert fordi ein tredje person blandar seg inn og gir historia og valdshendinga eit eige liv. For å unngå ein type eskalering bringar me partane saman og dei som er ramma, får fortalt historia si, sa konfliktrådsleiaren i eit intervju med NRK måndag.
Sidan skulestart har det vore fire masseslagsmål mellom jenter på Hersleb vidaregåande skule i Oslo, og skulen seier dei aldri har opplevd liknande.
Ungdommar har forklart at slåstkampane har oppstått fordi ei jente frå ei gruppe har "blikket" ei jente frå ei anna gruppe. Fleire videoar frå tumultane sirkulerer på snapchat. På ein av videoen ligg ei jente på golvet, medan fleire står over