Fonetisk alfabet æøå
Bokstaveringsalfabet
D.
Bokstaveringsalfabet er ei rekkje av velkjende ord eller namn (so mange som det er bokstavar i alfabetet) med velkjend, eintydig uttale og skrivemåte (forbokstav), brukt til å stave vanskelege ord rett når ein dikterer, til å verte forstått i eit dårleg telefonsamband eller liknande.
Faktaboks
- Også kjend som
fonetisk alfabet, stavealfabet
Bokstaveringsalfabet vert òg kalla stavealfabet eller fonetisk alfabet.
Ordet fonetisk tyder i denne samanhengen 'lyd-' og vert brukt for å skilje bokstaveringsalfabet frå system baserte på flagg eller morse (og har altso ingenting med fonetikk eller det internasjonale fonetiske alfabetet å gjere).
Det finst mange ulike språkutgåver av bokstaveringsalfabet.
Tabellen nedanfor viser den vanlegaste norske utgåva. Den internasjonale versjonen vert gjerne kalla NATOs fonetiske alfabet, og vart standardisert av Den internasjonale organisasjonen for sivil luftfart i Den internasjonale telekommunikasjonsunionen vedtok praktisk